På Valbjør har det vore jernutvinning i gamal tid. Dei siste åra har eldsjelar teke opp att prosessen. Vågå husflidslag har hatt fleire kurs i jernblestring med Jostein Espelund som eldsjel og lærar.
No er det arbeid i gang for å lage eit "industrianlegg" på Valbjør med jernutvinning og kolbrenning slik det vart gjort før i tida. Blestring og kolbrenning foregår jamnleg på garden og særleg i samband med arrangement som Gardmillom og liknande. Sjå: Det skjer på Valbjør.
Jernutvinning i Noreg starta 300 år før vår tidsrekning.Fjellsider der vatnet gjennom tusenvis av år sildra ned og la att malm i slakare terreng skapte naturgrunnlaget for produksjonen. Her trong ein ikkje bryte berg og knuse malm, den låg klar til røsting i myrene. Dette var stor industri, noko alle dei eldgamle slagghaugene i distriktet vitnar om. I denne prosessen vart myrmalm redusert til jern i små sjaktomner bygd av leire og stein.
Kol og røsta malm (eigen prosess) vart lagt på lagvis, og høg nok temperatur 1200 - 1400 C, vart nådd ved å blåse inn luft med blåsebelg. Utbyttet kan bli opp mot 5-6 kg per omgang.