Valbjør gard

i Nordherad, Vågå

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Velkome åt Gardmillom 17. - 25. juli

Ope alle dagar  Sjå Gardmillomprogram

 

Velkome åt Valbjør gard!

E-post Skriv ut PDF

logo_valbjoer_netthest_hus_rezValbjør gard driv gardsturisme på ein levande gard i full drift. Du kan overnatte i hus med historie i veggane, men likevel med all komfort du forventar å finne i vår tid.

Les om husa du kan overnatte i

urtehage_barn_rezGarden ligg høgt og fritt på solsida i Nordherad i Vågå kommune. Her er det utsyn til det grøne Vågåvatnet og dei kvite toppane i Jotunheimen. Garden er freda og består av fleire fine gamle hus der det eldste er frå middelalderen. Historia sit i veggane og formidlast av folka på garden.
På Valbjør kan du oppleva tradisjonsrikt handverk som blestring og smiing, spinning og vidare bearbeiding av ull, skinnfellsaum, trearbeid med meir. Bebuarane på garden har kunnskap om mange handverk og dei har knytt til seg eit nettverk av vener og kjende som kan det dei ikkje meistrar like godt sjølv.

Det er ofte bygge- eller restaureringsarbeid i gang på garden. "Nye" gamle hus blir flytt til garden og dei som står der treng restaurering. For tida er  eit kvennhus under arbeid.
Garden har eigen gardsbutikk med mat og handverk, ein fin gardshage og urtehage. Garden har økologisk drift med sau og geit.

Grenda Nordherad er eit av dei 20 kulturlandskapa som er peika ut som nasjonale satsingsområde. Det er eit godt merka stignett gjennom grenda for dei som vil ta små eller store turar til fots.

Sist oppdatert torsdag 10. juni 2010 09:21
 

Valbjør gard -der tradisjoner lever olavsrosa_rez Tildelt Norsk Kulturarv si utmerking Olavsrosa


Fjellgeit Valbjør

fjellgeitValbjør gard har teke over Fjellgeit

Kontakt Fjellgeit:         908 22 989 eller post@valbjoer.no

Vi arbeider med nye nettsider for Fjellgeit BA. Førebels finn dykk dei gamle sidene for blant anna kvitmuggosten her.

Besøk på nettstedet

Artikkelvisninger : 6995

Kontakt oss gjerne

Valbjør gard
Nordherad, 2680 Vågå
Tlf 908 22 989
post@valbjoer.no

 

dans_paa_tunet.jpg

Besøkende

Vi har 1 gjest her nå